onsdag 26. november 2014

Sætt dæ å strikk

Det stod ikkje på fine kulissar

Var jo så heldig å bli med på hyttetur forrige vinterferie, hos slekt som har hytte i Trivelige Trøndelag. Det var skitur og eplekinn og snø og eventyrleg fint. Om kveldane hadde eg som prosjekt å strikke eit sokkepar til alle som var med. Det var store og små føter, store og små sokkar. Sjølv om eg strikka alt eg kunne, gjekk det litt på tida om alle skulle få. Det var absolutt min plan.


Litt av produksjonen av hyttestrikka sokkar
Ei  av dei yngste hyttegjestene fulgte godt med og lurte nok på om det ikkje snart var hennes tur til å få sokk. Eg forsikra henne om at ho også skulle få, men ho var likevel ganske skeptisk. Så kom dette rådet:

Du kainn jo stå opp litt tidleg, for eksæmpel klokka sju, kok dæ litt kaffe OG SÆTT DÆ Å STRIKK!

Gjett om det vart eit sokkepar på henne også.

søndag 16. november 2014

Femtiårsjubilant

Femti år i år - og like fin!

Denne bamsen er femti år i år. Den fekk eg til bursdagen min av mitt snille og flinke søskenbarn Petter. Utgangspunktet var eit avisutklipp eg tykte var så fint. Far sa at det måtte eg sende til Petter og høyre om ikkje han kunne lage ein sånn ein til meg. Ikkje lenge etter kom denne gode trebamsen i posten. Sidan har han vore med meg rundtomkring.



søndag 6. oktober 2013

Ikkje berre gamle...


Hemmeleg arbeid i haust har vore å strikke genser til størstebarnet. Ekstra gevinst var det at ho var heime på bursdagen sin i år, det har visst ikkje skjedd på VELDIG mange år. Målfrid og Haldis har hatt nokre haustferiedagar hos oss, det har vore så kjekt og så triveleg. Haldis trong lue til vinteren, så då var det å bruke litt av det flotte garnet frå San Francisco.



Åååå kjekt mønster og deilig mjukt Alpakka-garn frå Sandnes


Så gjekk det godt til slutt

Ekstrapremie til Haldis vart lue til vinteren.
Takk for koseleg besøk, Målfrid og Haldis. Det vart veldig stille i stova etter de reiste.


Krisehjelp til gammal jakke


Tante Gudrun strikka jakke til far. Veit ikkje om andre enn ho som gjorde det. Ho var søster til bestemor, ho var gift med Magne som var bror til bestefar. Så dei vart då ekte tante og ekte onkel. På den måten fekk nok Gudrun og Magne ekstra omtanke for far og søstera hans då foreldra fall bort så alt for tidleg. Det vart ein fin jakke, og den passa far på så lenge han levde. Det var det som var hans jakke. Alle andre jakkeforsøk var for varme og for trange og eg veit ikkje kva. Så fekk Signe etter kvart Jakken, ho tykte nok det var koseleg med eit minne om ein snill morfar.Og ho brukte jakken. Men, trass i fleire reparasjonar kom det ein dag då noko skikkeleg måtte skje. Det var store hol med tynt garn omkring. Noko måtte gjerast - men korleis?


Her må noko gjerast...





Resaturering på gang


Ermene måtte klippast av, det måtte maskast på og nye ermer strikkast.  Må vedgå at eg blunka då eg settesaksa i klenodiet..... Det gamle garnet var av historisk slag, etter vurdering av Signe og meg kjøpte vi Alpakka garn i fargar som vi tykte var fine. Det er heilt ok at det synest kva som er gammalt og kva som er nytt. Difor fargar som skil seg litt frå den originale, men som likevel står i stil.



Det nye er synleg, ikkje noko juks.

Det var jo litt arbeid, men det var så koseleg å halda på med. Kunne tenke litt på far og litt på Gudrun og Magne. Det er ikkje tull når dei snakkar om at det ligg omtanke i kvar maske. Gudrun mista ei ung søster, Magne ein enno yngre bror. Dei gjorde nok mykje meir enn å strikke jakke, men no er denne gamle Jakken eit synleg bevis for at dei gjorde kva dei kunne i denne vanskelege livssituasjonen. Ikkje berre dei, men kanskje spesielt dei.



Slik vart resultatet denne runden...



Jakken er klar for bruk igjen, Signe. Kjem i posten med det første, klar for nye vinterdagar.


onsdag 7. august 2013

Vi lager papir...


Sommarens store prosjekt var å lage papir med to små sommargjester. Rett nok laga vi ikkje papir, men vi bløytte opp papir til sorpe, siler godt, legg det i press og dekorerer på ulike vis. Det blir ein ganske fin struktur, og sjølv småe fingrar kan få til fine ting med litt hjelp og applaus.
Og den gamle papirpressa som far laga, var til god nytte. Han skulle ha sett oss i sving, det hadde han likt! Og at den eine papirmakaren heiter Arne slik som han sjølv, hadde vore stor stas. Eg trur kanskje han var med oss og gledde seg over oldebarna som brukte pressa hans. Godt verkty er viktig og inspirerande.

Papirpressa er framme og i bruk.


Ikkje så verst den steinen under pressa heller, forresten...


Fine kort, produsentane er berre tre og fem år (enn så lenge)




Haldis sine



Mange operasjonar , ikkje lettvinte løysingar

På regntunge dagar var dette eit bra syssel, mange operasjonar og litt venting.Det blir sjølvlaga papir, eller redisign om du vil, utan å slita seg ihel for å få til noko  kjekt når regnet auser ned ute. 
Og no er det mange fine kort å ta med heim til mor og far etter ferie hos besteforeldre. Ta vel imot....





søndag 28. juli 2013

Småjenter SKAL bli større, småkjolar KAN bli større


Tida går og onga veks. Men kleda veks ikkje av seg sjølv. Margot fekk ein kjole då ho var berre lita. No er Margot stor jente som har vakse frå kjolen sin. Som no er meir vest enn kjole. Sidan det var eg som hekla kjolen, er eg stolt av at det var ønske om vidare bruk. Som kjole.
Så nokre trylleslag med garnkorga og heklekrok ein sommardag, vart kjolen stor nok.



Barnekjolen til baby Margot

Med heklekrok og garn

vart kjolen stor nok

og at det er ein nyttig ting kan ingen komme fra (Prøysen)


Så rart at eg skulle koma på den gamle Prøysen-songen....

                             Det vil hun sikkert ha,
                             da blir hun sikkert glad,
                             og at det er en nyttig ting
                             kan ingen komme fra!


No kan du bruke kjolen din igjen, Margot!



tirsdag 23. juli 2013

Strikkebutikk i San Francisco

Sommaren er oftast ikkje den store strikketida, det er så mykje anna som skal gjerast. Mellom anna reise litt rundtomkring. Den store sommarturen i år gjekk til California, til San Francisco og til Palo Alto.
Og turen gjekk - til den flottaste strikkebutikken eg har vore i. Hyllemeter på hyllemeter med det ein kunne drøyme om. Litt starstruck vart eg, det vart kjøpt tre garnnøste og ein strikkepinne...
Strikkepinnen er rett nok ein artig sak, ein stor, stor rundpinne som er lang nok til at eg kan strikke pledd og teppe i heil breidde. Hurra.


Strikkeparadis/Mekka/Nirvana på ein gong





Rundpinnen har kome heim, eg er godt i gang


Sommar eller ikkje, no har eg lagt opp masker på den Nye Strikkepinnen Frå Amerika, restegarnet skal få føter å gå på, det vert strikka nye teppe til frosne folk.

God sommar vidare. det er godt og varmt, treng ikkje ullpledd enno!